Bustadtomter
Kommunedelplanen for Huglo vart ferdigbehandla og klar 16. desember 2010. Du finn han på kommunen si nettside, og det ligg og eit eksemplar på Huglabutikken. Det er regulert inn eit nytt bustadområde, men førebels har kommunen ikkje gjort noko for å klargjera tomtene til bygging. Interesserte kan ta kontakt med teknisk etat i Stord kommune.
På to av dei “gamle” tomtene på Skarvane, der bygging ikkje har starta innan fristen (den gjekk ut for mange år sidan)har noverande eiarar planar om Pop-Opp hus. Dette er rimelege boligar som byggjast på tømrarlina på Stord Vidaregåande skule, og fraktas i modular til tomta.
Ellers er det i kommuneplanen godkjenning for ein del hytter. Sjå planen for fleire detaljar.




