Laurdag middag varsla ferja om at det var noko stort som kveila seg ved stakane i innseglinga til Huglo. Minst 100 meter langt dukka det opp or sjøen i fine bogar.
Etter ein rask båttur synte det seg at det var ein slange av PVC, tung og stiv og ikkje noko for småbåttrafikken å renna på. Med litt strev vart slangen taua inn til stranda og fortøyd i begge endar. Og der ligg den. Kva kan dette vera, og kvem eig denne “sjøormen”? Breivikjo er ikkje noko blivande stad for han!