Tysnes sparebank cup 2011, var den femtende i rekka. Huglarane har tidlegare stillt med både jente og gutelag, men dei siste åra er det berre jentene som har delteke. Etter år med deltaking kan jentene vise til gode resultat, 2008 sølv og 2009 bronse.
Årets cup gjekk av stabelen første helga i juli på Reiso på Tysnes. Med huglarar og huglovener stilde laget HSD (huglo`s spreke damer) klare til kamp. Trass i hard motstand gjekk laget viare til sluttspel med kun sigerar. Søndag var det duka for kvarfinale, der jentene slo “skam harry” 3-0.
Semifinalen mot “best uten balla” vart svært spennande og måtte avsluttast med straffespark, der HSD gjekk sigarnde ut av duellen. I finalen traff slite bein tøff motstand i laget “FC hofte” og tapte 1-3. Jentene vart likevel svært nøgde meg sølv og andreplass i årets tysnescup.