Søndag 6. desember var det tid for den årlege julekonserten på Huglo. I år var det duka for jubileumfest, der Huglo skulekops feira 35 års jubileum, og julekonserten saman med songlaget stordabuen, feira 30. års jubileum.
Huglo skulekorps opna konserten med ei avdeling med m.a ”en stjerne skinner i natt”, ”snart er det julenatt” og ”memory” med Are F. Stortland som solist. Dirigent: Svein Roger Koppang. Deretter spelte juniorane i korpset ei lita avdeling med julesongar.
Songlaget stordabuen hadde to avdelingar, der første avdeling var henta frå eit prosjekt tidlegare i år – Stord gjennom tidene. Dei avslutta med dei gode gamle julesongane, og det vart jul på Huglo i år også.
Det vart servert kaffi og rundstykker, før den store marsipankaka vart bringa inn i salen. Konserten vart avslutta med allsong, der korpset spelte under leiing av Helge Heiberg Andersen.
Takk for ein særs trieleg julkonsert!
Ingenting er som god gamaldags julakonsert på Huglo!!
Vel blåst!
også for nettredaksjonen ;)