Nå har Huglobutikken kvit sjokolade! Då lagar me ein lettlaga og nesten berre sunn dessert:
Skjær opp frukt, gjerne i forskjellige fargar, legg bitane på eit flatt, eldfast fat, eller gjerne i porsjonsskålar – eldfaste! Nyttar du eple, banan eller annan frukt som fort vert brun, dryp du litt sitronsaft over frukta. Hakk kvit sjokolade grovt og strø over. sukker er ikkje naudsynt, sjokoladen gjer desserten søt nok. Så langt kan retten gjerast ferdig før måltidet startar. Og så kjem finishen: Set skåla eller skålane under varm grill i komfyren til sjokoladen er nesten smelta og bittelitt gyllen. Pass godt på, grillinga går fort, og kvit sjokolade tålar ikkje like mykje varme som vanleg brun. Server med ein gong. NAM!!