Me seier velkomen til Stian Nordberg og Kristina Bøhler Holst som har flytta inn i barnehagehuset! Dei hadde fått nok av å bu i blokk midt i verste trafikken i Oslo, så dei selde leiligheta si og reiset 7 månader rundt i Østen. Då det blei tid til å venda nasen heimover igjen, fant dei seg ein einebustad med god uteplass – på Huglo!
Kristine jobbar med web design, i alle fall førebels som freelance. (Her kan du sjå heimesida til Kristine). Stian har jobba med transport/logistikk, og så er han fotograf.
Dei kom for berre tre veker sidan, og har ikkje heilt beina på huglajorda ennå. men håpet deira er å verta ein del av hugla-samfunnet, bli kjent og få vener her. Me ynskjer dei lukke til og gler oss over at dei valte Huglo.