Bibliotek
På Huglo har me bokutlån på skulen i samarbeid med Stord Folkebibliotek. Det er Åse Willgohs som har ansvaret for dette. Ho sit trufast på skulen to torsdagar i månaden og hjelper deg å skaffa lesestoff. Er det noko spesielt du ynskjer å få tak i, bestiller ho det.
Me er og så heldige å få besøk av bokbåten Epos ein gang i halvåret. Dette er eit høgdepunkt for mange. På Epos er det alltid underhaldning. Nokon som les, har skodespel, dukketeater eller syng. Me kan sjølvsagt og leiga bøker der. I haust hadde Bokbåten 50 årsjubileum, og dette blei markert på Huglo med overrekking av flotte teikningar frå elevane ved Huglo Skule. Stord Folkebibliotek var og representert og hadde med bollar og brus til alle.

Bokbåten 50 år hausten 2009





