I den nedlagde skulen på Huglo er det mulig for lag, organisasjonar og privatpersonar å leiga lokaler til samlingar og møter.  Bygget med sine fasilitetar egnar seg óg til utflukter for skuleklassar, korpsseminar o.l.

Skulehuset har i underetasjen gymnastikksal (forsamlingslokale med scene), stort kjøken, garderobe og toaletter. I tillegg er det eit møterom som Huglo Idrettslag for tida leiger på årsbasis.

I hovudetasjen er det blant anna to klasserom, det eine med eit lite kjøken.

2.etasje består av sløydsal/materialrom og ei lita leilighet som i seinare tid har vore nytta som kontor og møterom.

I heile bygget er det internett via WiFi til fri bruk for leigetakarar.

Huglo Bygdalag leiger ut på årsbasis, korttidsleige og døgnleige. For langtidsleige vert prisen sett etter leigetakars behov for lokalar.

Leigetakar kan avtala at dei tar utvaska sjølv.

Gymnastikksal leige: kr. 1000, utvask: kr. 1.000

Kjøken i underetasjen: Leige kr. 500, utvask: kr. 1.000

Andre rom: Leige kr. 500, utvask kr. 500

Barnebursdager GRATIS motat leigetakar tek utvaska sjølv.

Kontaktperson: Albert Eikeland.  Tlf.: 91132717

Det vert sendt ut faktura til leigetakar med betalingsinformasjon.