Skule

På Huglo har det vore skule i mange år. Skulen ligg midt på øya ved bedehuset. Det er ein stor skuleplass med fotbalbane, leikehytter, klatrestativ og sandkasse. Skulen har ein flott gymsal med scene, og ein fin sløydsal.

Elevtalet har gått opp og ned dei siste åra. I år er det 9 elever på skulen. Rektor er Laila Føyen, og dei to andre lærarane er Kari Sæter og Silje Kjerpesett.

Elevane på Huglo er heldige fordi dei har bading, sløyd og syforming kvar andre veke. Elevane i 1. til 4. klasse har også utedagar to gongar i månaden.

Elevar og lærarar på skulen