Laurdag 16. april var det igjen duka for den årlege bedehusbasaren.
Då klokka nerma seg, begynte det å minke på ledige plassar, og det måtte setjast opp mange ekstra bord. Men folk straumde framleis på, og og det vart fort trangt om plassane. Det var over 100 personar som kom! Og dei frammøtte fekk ein fin kveld med med flotte gevinstar, god mat og markering av at bedehuset er hundre år.
Som alltid når det er basar på Huglo, er det mange flotte gevinstar. På laurdag kunne dei frammøtte vinne alt i frå påskesnop og heimelaga lefser, til lubber, dukar, sengesett og verktøykassar. Sjølv om bedehuset er hundre år, så betyr det ikkje at teknologien som blir brukt er det same. Loddtrekkjinga føregjekk nemleg digitalt, og dette gjekk smertefritt.
Arne Sortland held foredrag om bedehuset gjennom hundre år. Han fortalde blandt anna om alle dei som var med på å få bygd eit bedehus på Huglo og om diverse utbyggjingar og nyopningar opp i gjennom tidene.
Jubileumet måtte sjølvsagt feirast. Hilde Eikeland hadde med hjelp i frå eit par andre laga ei svær jubileumskake som smakte godt! I tillegg vart det servert bollar, kaffi og saft.