Badestrender

Huglo har mange flotte badeplassar. Dei tre mest populære er Leiro på Nordhuglo, Vikasanden på Røssbø og Tveitevågen på Tveit.

Leiro

Leiro er ei fin sandstrand som ligg på Nordhuglo ca ein kilometer sør for ferjekaien og butikken. Det er ei lang-grunn strand, og er difor svært egna for barn som endå ikkje har lært seg å symja. Like ved ligg det også ein fotball og volleyballbane. Kjem ein frå ferjekaien, tar ein av til høgre rett etter brua nedanfor fotballbanen.

Vikasanden

Vikasanden er ei godt tilrettelagt strand som ligg like nedanfor Skarvane byggjefelt. Her er det bryggje, og gode moglegheitar for å legge til med båt. Her finn ein også toalett, volleyballbane, grill og bord og benkjar. Vikasanden er også ein fin sykkeltur frå Nordhuglo på ca 4km. Kjem ein frå ferja, tar ein til høgre ca 100 meter etter skulen og bedehuset. Både Leiro og Røsbøvikjo ligg på vestsida av Huglo med utsikt over til Rommetveit på Stord.

Tveitevågen

Tveitevågen ligg idyllisk til på austsida av Huglo. Det er ei fredeleg strand med utsikt til fjella i Kvinnherad. Det er fin sandbotn etter ein har gått eit par meter uti vatnet. Frå ferjekaien følgjer ein skilting til Tveit, og parkerer på snuplassen etter ca 7km. Deretter følgjer ein grusvegen vidare ned til sjøen.