Fiske og båtutleige

Frå gamalt av er Huglo kjend for dei gode fiskeplassane sine. Anten du vil nytta harpe, line, pilk eller dord, setja garn eller krabbeteiner, er du nesten garantert fangst.

Det lønner seg å snakka med lokale (sjølvoppnemde) “ekspertar”. Dei er ivrige etter å dela kunnskap om straum og vind, flo og fjøre og om rett reiskap til rett tid på rett stad. Alle har sine teoriar som dei har klokkartru på. Og alle får fisk!

For tida er det ingen som leier ut berre båt på Huglo. Men leier du ein feriebustad, er det båt med i leia. Du får óg kart over gode fiskeplassar og gode råd med på vegen.

For dei som kjem med eigen båt, finst det mange gode ankringsplassar både rundt Huglo og Storsøy. Ein kan vera sosial og leggja seg til i Kvednavikjo på austsida av Huglo, eller finne ein øde plass heilt for seg sjølv.

Nordhuglo har gjestehamn med straum, vatn, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er sett ut bord utafor butikken der ein kan sitja fleire saman utover kvelden.