Idrett
På Huglo er det mange gode moglegheitar for å drive idrett. På Leirvikestølen på Nordhuglo er det ein flott fotballbane med ein volleyballbane rett nedanfor. Det er flott laga til med ballvegg og utstyrskur som alt er laga på dugnad.
Huglo idrettslag har mange forskjellige arrangenment gjennom heile året. Det er treningar to dagar i veka for store og små. Og ikkje minst den populære turorienteringa med 25 postar over heile øya. Turorienteringa er frå mars og til slutten av oktober.
Treningane på Huglo er i gymsalen på skulen.
- På onsdagar klokka 17.00 til 18.00 er det “småtrening”. Den er for born frå 5 år og opp til 5. klasse. Trenarane er Mariell Runderheim og Ingvild Eikeland.
- Klokka 18.30 til 20.00 på onsdagar er det “friidrettstrening”. Den er for dei som er i 5. klasse og oppover. Trenarane er Kristoffer F. Sortland og John Olav Heggland.
- På fredagar klokka 20.00 til 21.30 er det “stortrening”. Den er for dei som er i 7. klasse og oppover. På denne treninga er ungdommane sjølv ansvarlege.





