Kulturopplevingar
Ovnsmuseet på Nordhuglo
På Nordhuglo finst ei eineståande samling av gamle norske jernomnar. Gjennom 30 år har John Bruntveit teke vare på og restaurert omnar og har no truleg den største private samlinga av gamle omnar i Noreg. I 2004 fekk samlinga plass i eit vakkert og særprega hus og vart opna for publikum.
Museet inneheld ca 50 omnar, dei eldste frå 1850. Her er alt frå dokkekomfyrar til båtomnar og 3 m høge kyrkjeomnar. Omnsmuseet ligg på garden til John Bruntveit, ca 200m frå ferjekaien. John og Eline Bruntveit vart tildelt Hordaland fylkeskommune sin kulturarbeidarpris for 2006.
Opningstider: Heile året.Ta gjerne kontakt med John og Eline Bruntveit på førehand. Servering etter avtale. Telefon 534 95 633 / 920 13 087. Kr 30, – pr. person. Born gratis.





