Turopplevingar
Huglo kultur og natursti
God parkering der turen tek til, i enden av asfaltvegen.
Turen tek til på Sørhuglo (Tveit), ca 6 km frå ferjekaien, ved eldhuset til Arne Sortland. Stien går gjennom skogsområde og kulturlandskap. Gjennom løypa finn ein fleire forminner som kvedno, kalkomn, kisgruver, trollskog, kuhidlaren og kjelda til fruktbarheit og visdom. Turen går forbi Tveitavatnet, som er det største vatnet på Huglo.
Eit høgdepunkt på turen er Sjønhamar, der ein får utsikt mot Halsnøy, Fjelberg og Etnefjella. Langs stien er det satt opp ulike opplysningsskilt om lokalhistorie, plante og dyreliv.
Løypa er ca 5 km lang, tar ca 2 timar og passar for alle. Naturstien opna i 1994, og er under restuering (2009-2010).
Varden, 218 moh
Parkering på ferjekaien.
Varden er det høgste punktet på Huglo. Her har ein vidt utsyn i alle retningar. Å gå til Varden er ein populær tur, og det går mange stiar opp. Frå Nordhuglo startar turen frå Reset, ca 400 m opp frå ferjekaien. Ruta er merka og går først gjennom eit par gardstun, for deretter å eit lite stykke på traktorveg. Snart kan ein velja å gå opp forbi Loftet, ei karakteristisk berghylle, eller om Storavatnet. (1/2 – 1 time)
Haukanes – Nordhuglo
Turen startar ved parkeringsplassen på Haukanes, går forbi første tunet, tar opp til venstre i bakkant av ei hytte og over eit gjerde/le. Stien går så skrått oppover i nordvestleg retning. Når ein kjem på høgda, ser ein vidt nord- og vestover. Så følgjer ein merka sti vidare, og før det tek til å gå nedover kan ein, om ein vil, ta turen oppom Såto (nesten like høg som Varden). Her har ein flott utsyn både nord- og sørover. Tilbake til stien går det nedover, så over ei myr og etter det går stien over bergknausane nedover mot Nordhuglo, forbi Loftet.
Jernstengene – Tveit
Her kan ein parkera i vegkanten og gå runden, tilbake til bilen.
Turen startar ved Jernstengene, litt forbi bedehuset på vegen mot Brandvikjo. Stien går gjennom skog og mark, forbi Tveittjødno og kjem ut ved parkeringsplassen på Tveit. Første delen går gjennom Litla Brandviksmark, og her kan ein, om ein vil, ta av og gå ned til Litla Brandvikjo.
Huglo på langs
Med utgangspunkt på Haukanes kan ein gå turen mot Nordhuglo. Når ein har gått over myra, og terrenget heller mot Nordhuglo, tek ein av til venstre (sør-aust) og følgjer merka løype (små varder) til Varden. Derfra kan ein ta stien sørover, følgje fjellkammen på høgda og ein kjem ned ved Jernstengene. Derfra følgjer ein løypa til Tveit. Deretter kan ein fortsetja gjennom naturstien. Ein lang og variert tur. (4 – 5 timer).
Rundtur om Røssbø
Start på parkeringsplassen på kyrkjegarden. Følg hovudvegen eit lite stykke til Røssbøvegen tek av til høgre. Følg Røssbøvegen over haugen og ned Røssbø og forbi garden, eit gamalt fint kulturlandskap. Vidare går vegen forbi ei hytte og ned gjennom eit le til eit anna tun på venstre hand. Her kryssar ein ei grasbakke og går inn i skogen. Snart kjem ein ut på Vikasanden, eit fint tilrettelagd bade- og friluftsområde. Deretter følgjer ein ein god traktorveg opp til hovudvegen og der nordover til parkeringsplassen. Ein fin tur, som mest går på veg og som passar for dei fleste. (ca. 40 minutter)
Dersom ein vil bada i fred og frå svaberg/klipper kan ein, i staden for å gå mot venstre litt etter hytta, gå rett fram ned til vatnet. Her er det ikkje nokon “strand”, bading passar berre for svømmedyktige. Men her er idyllisk og fredeleg og flott utsikt mot Stord over Langenuen.
Les meir :
Vinterøya Huglo





