Styresamansetjing
Leiar Øystein Huglen
Kaserar Stian Helland
Skrivar Njaal Rune Sortland
Styremedlem Kjersti Aasheim
Styremedlem Birger Bauge
Varamedlem Eva Grov
Varamedlem Håkon Brandvik
Det har vore 6 styremøter
Eigedommar
Tomta i Samsonshagen er no seld for kr. 400000
Styret har valgt å gå bort frå dei opprinnelege planane vedr . toalett/dusj i andre høgda. Det vert no toalett på tidlegare Reinert A sitt kontor.
Er kjøpt inn leikeapparat som skal monterast på planen. Finansiert med pengegåve frå SIM på kr. 100000
Fekk kr.75000 til inkjøp av vaskemaskin/steemar til kjøkkene nede. Steemar er kjøpt, og montering kan starta.
Har starta opp med henta inn pris på eit skilt «BYGDAHUSET» ,som skal opp på utvendig vegg
Har starta opp søknad til pengar for eit nærmiljøanlegg
Har starta henta inn pris på nye stolar og bord til gymsalen.Blir deretter søkt om pengestøtte for finansiera dette.
Vikasanden er blitt drifta som før
Kulturelle saker
Hugladag 29. juni. Stor honør til alle som var med og gjorde dagen vellukka. Sat att med 7-8000 kr. Netto
Basar 12.juli Takk til alle som hjelpte til, og alle som kjøpte lodd. Kom inn om lag kr. 44000
Ellers så synest styret i HB det er på sin plass å takka lag og organisasjonar på øya, for at dei er med på å halda oppe eit rikt og variert kulturliv
Andre saker
Har hatt sykkelutleige på ferjekaien
Har hatt tilbod om bubilparkering på skuleplassen
Har fått skilt som viser veg til Vikasanden
Huglo.no har blitt diskutert. Styret konkluderte med at denne sida vil me fortsatt ha, og vil opmoda lag/organisasjonar og folk generelt, til å nytta seg av Huglo.no
Heimehjelp
Njaal og Håkon var i møte med kommuneleiinga. Der la dei fram behov og utfordringar me har på Huglo vedr. heimebaserte tjenester.
Samferdsle
Har sendt mail til VFK v/Skyss og kommunen. Ber om at HB vert informert, og får høve til å komme med uttale vedr. eventuell endring i ferjeruta Jektevik-Hodnanes Nordhuglo
Har sendt mail til VFK og kommunen vedr. den elendige tilstanden, trekaien på ferjeleiet har. Ber om at tredekket blir erstatta med betongdekke. Vil etter HB sitt syn
1.Gje ein trygg og sikker kai å ferdast på
2.Opna for ei romslegare parkeringsordning
3.Dette vil gje ei betre på og avkjøyring på ferja
Huglasambandet
HB har hatt samtalar med Stord og Tysnesordførar .HB ønskjer få til eit fellesmøte for drøfta vegen vidare.
Ser ut som det kan la seg gjera i mai





