Årsmelding bygdalaget

Huglo Bygdelag – Årsmelding.

 

Huglo Bygdelag  (HBL) har avholdt 6 styremøter.

 

1.I samband med byte av ferjeselskap var HBL med og utforma den nye ferjeruta. Her er enda uteståande arbeid som me vonar og få gjennom under høyringsrunden i haust.

2. HBL Jobbar med å få til ein god dialog med Stord Kommune ang. fastlandssambandet samt reguleringsplanen for denne. Her har me ikkje komen i mål. HBL vil sette ned ei gruppe til og driva fram fastlandssambandet.

3. Førespurnaden ang. fleire veglys langs fylkesvegen vart avslått frå fylket.

4. 66/40 barnehagetomta.

Huset er utleigd og HBL vil montere nye utekontaktar der.

5. 3/78 – Samsonstomta

Tomta er byggjeklar, men det har ikkje vore tatt stilling til kva ein skal gjera med tomta

6. Huglo Skule.

Har vore utført malingsarbeid

Tetta lekkasje i taket

Trimrommet har fått nytt golv i regi av Idrettslaget

7. Budsjett for året vart halden og underskot er snudd til overskot

 

HBL