Aurefiske i gamle dagar

Dette er Hugla-elva som ho framstår i dag, der ho renn ut på Leiro. I dugeleg regnver er ho mykje større og flottare – men framleis heilt utan fisk. Det har ikkje alltid vore slik!

Aure og laks har det slik, at dei kjem tilbake til eigen fødeplass for å gyta. Då er det gått 6-7 år fra dei var yngel. Fisken kjem opp i elva i oktober for å gyta og går ut igjen etter jobben. Yngelen var boande i elva i to vintrar, til han var 1 1/2 år gamal, så for han ut i havet og kom att som gytemoden fisk.

Frå gamalt av var det seks bruk på Nordhuglo som hadde rett på elva. Om hausten, når elva var stor og der var mykje aure som hadde gytt, avtalte folk ein kveld og “alle” møtte opp. 2-3 mann bar “lågen” (fakkel), 2-3 mann fanga fisken med “røkk” (ein slags klepp) og ungane var med og bar fisken. Fisket gjekk føre seg så langt opp som til Lunde-tunet. Då kunne dei ha ein 150 liters kopar-bryggepanna full av fisk, alt fra 1/2 kilo og opp til 4-5 kilo.

Så samla alt folket seg i Reinertstunet og delte fisken likt mellom dei seks bruka. På den tida ville det vore uhøyrd om nokon gjekk åleine og fanga fisk. I gamal tid var dette eit godt bidrag til det daglege brød.

Noverande bestefedre hugsar at dei som gutungar kunne laga seg fiskestong av hassel, binda på ein krok og fiska aure på ca. 20 cm i elva. Om hausten kunne dei vaksne gå med lykt (Petromax eller sterk lommelykt) og fanga 10-20 store aurar på ein kveld, gjerne opp til 3 kg på storleik.

Utpå 70-talet starta silobruken. Om våren kunne elva vera full av 10 cm store aurer, på seinsumaren og utover hausten var elva full av dau fisk. Etter som åra gjekk, var det ingen aure igjen som var født og hadde tilknytning til Huglaelva. Dermed tok det slutt på fisket. Skulle ein få dette opp igjen, måtte elva rensast, og ein måtte setja ut rogn og melke for å få tilbake ein berekraftig aurestamme som var født i Huglaelva og dermed kom tilbake for å gyta.