Babyboom på Huglo?

Ser du godt på biletet, ser du tre små babyer som ligg trgt og godt og søv.  Dei tre pinnsvinbabyene vart funne morlause for eit par dagar sidan, mora hadde inga moglegheit til å ta seg av dei små no som ho skulle finne seg ein god lauvhaug og gå i dvale, så dei vart sett ut på vegen der nokon kunne finna dei.  Til all lukke var det pinnsvinentusiasten Gro som fann dei, ho tok dei med heim og dei fekk bu i ein mjuk og varm høydott i kvalpehuset (utan kvalpar for tida).  Der søv dei for det meiste, av og til vaknar dei og går for å eta oppbløyt kattungemat før dei søv vidare – sånn omtrent ei veke om gongen.  No veg dei om lag 200 gram.  Fostermor Gro veit mykje om pinnsvin, ho veit at dei ikkje kan sleppast laus og ut før dei veg omtrent eit kilo, m.a. o. i mai, fortel ho.  Så dei må nok vakne av vinterdvalen og fylle opp matlageret innimellom skal dei verta store nok til å feira 17.mai i det fri.  Fosterbarna har førebels ikkje fått namn, men dei er lette å sjå forskjel på etter storleiken.  Godt at Gro-mødre finst!!

Ikkje store nåleputa ennå, men det er greit med hanske