Bygget reiser seg

Fjøs by night

Mandag var det kranselag på Huglos nye praktbygg, frigangsfjøset til Nicola og Erik.  Sjølv om uveret Synne har gjort sitt beste for å forsinke prosessen, med innstilte ferjer frå Danmark og sers utriveleg ver for arbeidsfolket, er no taksperrene på plass og snekkere i gang.

Byggherrene

Byggherrene var berre store smil på mandag kveld, der alle som arbeida på bygget, fekk servering av ymse slag i stua til “kårfolket”.

Og hadde kyr kunna gle seg, hadde dei nok og smilt stort med tanke på at ein eller annan dag  i mars kan dei flytte inn til ku-luksestilvære.  Då vert det nok ny fest!

Fjøs