Corona inga hindring

Det vert julagata i år óg!  Ikkje med så mykje musikk og oppmøte av huglarar som eit vanleg år, men her vert det ljos likavel.  Tenning om ei snau veke, og så får me alle glede av julastemning på kaien.  Det er ikkje alt  som vert nedstengt!  Men juleverkstad som Huglo Bygdekvinnelag har pleid å arrangere, vert det ikkje i år.  Det kan jo lagast litt ekstra pynt i heimen, nå har vel dei fleste som plar delta på juleverkstaden, lært å laga einer-krans.

Me får halda hjarta varmt og hovudet kaldt og hendene reine, og nytta alle høve med får til å gle oss og andre med ljos og varme på avstand.  Oddvar og Per Egil har starta godt med julegata, takk!