Den Store Ryddedagen 29.april

Ryddetoget kl. 09.00 - og lengre vart det! Biletet er frä 2013

 

No er det på tide å starte diskusjonen i heimen om kva som er verneverdig og kva ein kan gje slepp på.  Er den raude lenestolen ei heilag ku avdi den “alltid” har vore der, eller er det på tide med noko frisk og nytt – eller kanskje berre meir plass i stova?  Og alt det som står i kjellaren og ventar på å verta reparert – kanskje er tida inne til å sjå i auga at det er gått ut på dato og aldri vil verta gjort noko med?

Huglarane har i alle år vore flinke til å kasta, toget til konteinarane er lengre enn 17.maitoget.  I år går det lengste toget laurdag 29.april, som vanleg til ferjekaien på Nordhuglo frå kl. 9.30 til 12.00.  Dette er berre for privatfolk, ikkje næringsdrivande.  Og det vert ikkje høve til å levera byggje- og rivingsavfall.