Den Store Vaffeldagen

Trass i surt og vått vær fann folk vegen til vaffeljern-utstillinga og mange, gode vafler servert i Omnshuset på Nordhuglo.  Velkomstvaffelen vart steikt etter ein oppskrift på eit vaffeljern frå 1800-talet:

Eline orienterte om vaffeljernets historie frå 1700 talet og fram til våre dagar, ut frå mange fint laga jern i utstillinga.

                                   Eline fortalde, her foran nokon av vaffeljerna frå 1800-talet

Det mest kuriøse jernet var nok det som vog 10 kilo og trong en til å arbeide med jernet og ein til å administrera vaffelrøra.  Vår tids elektriske jern bleikna i samanligninga.

                                                                         Vaffeljern frå 1700-talet

Både huglarar, hyttefolk og andre tilreisande åt vafler og koste seg.  Mange hadde nok litt seinare middag i dag.