Dugnad i Barnehagen

All mosen på taket er borte!

All mosen på taket er borte!
All mosen på taket er borte!
Bygdalaget har overteke barnehagen og vil få den klar til utleige til familie frå nyttår. Det må gjerast noko arbeid for å få den klar til bustadhus, og difor vil me ha dugnad torsdagar frå kl 18.00 (start 31. okt)

-arbeid som skal gjerast: rydding, setja opp lettvegg, maling, nytt kjøken, m.m.

Komande laurdag 26. okt kl 10.00 vert den første dugnaden. Då vil det bli rydding utandørs
-ta med sag, saks, riva m.m.

Håpar folk ynsker å stilla på dugnad!

– Huglo bygdalag

Her kan du lesa annonsa på Finn.no

Huglo bygdalag har blitt kontakta av fleire familiar som er interessert i å flytte til Huglo