Ein annaleis skuledag på Huglo Skule

Elevane på Huglo skulle lage mat til fuglane, men resultatet vart litt annaleis enn planlagd. Det tok til å brenne i ei smultgryte, og det vart meldt om brann i 11.30 tida. Folk på skulen fekk snart kontroll, og brannen var sløkt før nokon av brannvesenet kom til staden, og ingen stor dramatikk.  Truleg vert det minimale skadar.