Ekstrem forvandling

Kor er dette?
Kor er dette?

Huglo vert ikkje til å kjenna igjen når firmaet Lerøy Skog AS frå Trysil er ferdige her.  Delar av øyo vår er heilt barbert, sjå bileta og se om du kjenner deg igjen!  Grana skal vekk, og fagfolk frå dei djupe skogane i Trysil arbeidar med maskinar som er utruleg effektive.  30 sekundar tar det frå saga starter ved foten av grana, til den er felt, kvista og delt opp, som regel i tre lengder.  Maskinen registrerer automatisk kubikk på kvar einskild eigar, den saka er under kontroll.  Diskusjonen går høgt om det er positivt eller negativt med denne snauhogsten.

Og kor er dette?
Og kor er dette?

Det vert ny, flott utsikt mange stader – men og meir vind.  Uansett var det godt å få vekk alle rotvelta etter vitjinga av Nina.  Positivt er det at nå vert trekaien ved fergeleiet reparert, for tømmeret skal skipast ut med båt.  Førebels har Huglo fått nye haugar og fjell – av tømmer.  Og vakkert er det ikkje etter flatehogst.  Men om et par-tre år med ettervekst kan det vera at me må skaffa oss frittgåande geiter for at Huglo ikkje skal gro heilt over med buskar og kratt.  Kven vil starta med geitehald?  Kanskje det kan verta ein ny næringsveg på øyo vår?

Tømmer 4Tømmer 5