Eldretreffet utsett

Me er alle litt ekstra forsiktige, no når covid-smitta ser ut til å breia seg på Stord óg.  Til no har me ikkje hatt eit einaste virus på Huglo (det me veit om kl. 14.10  i dag), men for sikkerheits skuld utsett me Eldretreffet ei tid.  Kanskje vert første anledning til å treffast 9. desember.  Då planleggjer me Eldretreff med litt juletankar.

Programposten “Steinar Hystad les frå eigne bøker”  tar me neste år.

Hald hodet kaldt, hjarta varmt og hendene reine, og så håpar me at me kan møtast 2. onsdag i desember.