Er du klar for festival?

No nærmar Fabrikken seg for alvor! Her kjem litt praktisk informasjon som kan vere nyttig:

Det vert ikkje mogelegheit for å parkere bil nede ved fabrikken eller på kaien. Parkering for festivalgjestane er ved skulen. Men festivalbussane kjem til å køyre deg fram og tilbake til festivalområdet og over heile øya, så du treng ikkje gå langt! Sjå bussruter på www.fabrikken2015.no.

På laurdagen fram til klokka 16:00 kjem du inn på området heilt gratis! Du kan då komme og kjøpe deg middag, vere med på aktivitetar for store og små, og få med deg ein flott gratiskonsert med det lokale bandet Hotel Sundal!

Gjengen på Fabrikken håpar alle får ei flott festivalhelg på Huglo!

fab_dugnad
Ein del av dugnadsgjengen