Fin dag på Huglo

Morgonsol 29. november 2017

Visst har me mykje regn, veldig mykje regn, og vind.  Men så kan ein vakna ein dag som denne, med stille sjø, sol over Kattnakken lovar sol på Huglo og, og 5 spanande garn i sjøen.  På med ullvottar, varm dress og gode støvlar.  Då er det godt å vera menneske på Huglo.