Fine blomebukettar

Huglo Bygdekvinnelag hadde bede ekshuglar Wenche Olsen kome og visa oss korleis me kunne gjera ein rosebukett frå Huglabutikken til ein luksusutgåve med enkle midlar som er tilgjengelege rett utafor stovedøra.  Me var stolte av resultata!  Og sers takknemlege for at Wenche tok turen og lærte bort triksa sine!

Huglo bygdekvinnelag har rom for fleire medlemmar.  Synes du dette høyrtes kjekt ut?  Me har fleire aktivitetar på haustprogrammet!  M.a. skal me arrangera Huglamessa og sundagskafè.  Høyres dette kjekt ut?  Ta kontakt med Eline eller nokon du veit er medlem.  Velkommen!

(Ein gamal Samsung telefon er ikkje verdas beste fotoapparat!)