Fiskerimelding for spesielt interesserte

Fangsten utstilt på ein sjøvott
 

Fangsten utstilt på ein sjøvott

Er det alltid håp i hengjande snøre (teine?)

Underteikna er den glade eigar av 4 heilt profesjonelle krepseteiner – som til no har vore nytta med vekslande hell til det fisket som startar 1.oktober.  Nyleg ville andre familiemedlemmar prøve lukka og teinene til det dei var laga for:  sjøkreps.  Fyrst gjekk det nokre timar med blikket festa på ekkoloddet for å finna søylebotn – dei som meiner noko om krepsefiske, meiner sterkt at det er botn av det slaget krepsen likar.  Så måtte det vera passe djupt – vel 100 meter.  Og så skulle teinene setjast på lenk.  Den ihuga krepsefiskaren var budd på at 4 teiner på lenk frå vel 100 meter kunne verta tungt å dra opp, men kva gjer ein ikkje for et måltid eigenfiska sjøkreps?

Dagens sjømatmåltid

Alt vart utførd etter boka, teinene kom seg i sjøen og der sto dei, med agn av fisk i tomatpurèglas med gjennomhola lokk, og freista imaginære krepsar i massevis i ei heil veke.  Og riktig nok, det vart eit blodslit å få teinene opp i båten igjen.  Dei måtte vera stappfulle!!

Heile fangsten ser du på desse bileta.  Han som våga eta fangsten – joda, det gjorde han! – påsto at det smakte godt, men tross innsatsen, var fangsten ikkje heilt til å verta mett av.  Og det er kanskje ikkje vanskeleg å vera einig i.

Neste forsøk på krepsefangst er utsatt på ubestemt tid.