
Glupso, men utan Glupsamannen
Så seier segnet:
Ein sagnfigur alle på Nordhuglo visste om, var Glupsamannen. Han budde i Glupso, ei hole i fjellet opp ved Småhaugane. Glupsamannen var ungane litt redde, han skulle vera ikkje så lite ilter. Så når dei vaksne ville at ungane skulle koma heim om kvelden, kunne dei seia at “i kveld er Glupsamannen ute og går” – då kom ungane seg heim i full fart. Men som var høvet med Johannes på Loftet, har aldrig nokon møtt på eller sett Glupsamannen. Det er kanskje slik at dei begge to forsvann da elektrisk ljos kom til Huglo? Berre sjå på biletet – ein kan vel tru at han flytta då alle dei elektriske ledningane kom rett foran hola hans? Eller har nokon sett han rusla rundt i tussmørket for å sjå til at alle ungane kjem seg heim til kvelds?
Ja, Glupsamannen bur i Glupsaholo oppe i Honsryggen, under Sponsteghaugane. Han er kortvokst og grovbygd og med mykje srittande svart hår og skjegg,og ut av eina øyra veks det ei lita brakabuska.
At han er snarsint fekk eg og Geir`n merka då me var på epleslang i surapalen nedafor hola hans.Hadde han ikkje rota seg inn i notagjerde til Sjurafolk då han kom etter oss ,spørs det koleis det hadde enda.
Visste dåke forresten at Glupsamannen har det lengste hoppet i Honsryggen?
Det skjedde ei måneskinsnatt tidleg på syttitalet, med skarpt føre og islagte løypa. Med raunebærski smurde med syltetøyvoks, fekk han ein vanvittig fart. Ein gammal grakatt som ikkje kom seg unna tidsnok, tredde seg inn på skituppen og vart med på den luftige ferda ut frå hoppkanten. Nedslaget enda i elvahølen, som var dekka av alt for tynn is til å ta i mot støyten. Det enda såleis med fall og våt bukserev for Glupsamannen.
Likevell, ingen har hoppa lenger i Honsryggen.
Traff forresten på Glupsamannen for to dagar sidan då eg slepte nokre kviger på beite. Han stod og gnog på eit forvella sureple utafor hola si. Han lurte på om eg ville vera med opp til Johannes på Loftet 17. mai, der me skulle kosa oss med ein dunk brakabær-likør.
Frå ei tidlegare samkome med desse karane, visste eg at dette var krutsterke saker, som ville enda i dobbel tarmskylling, så eg takka høfleg nei, og sa eg skulle på fest i bedehuset. Då ronska han seg til, heiv epleskronten etter meg og smelte att døra til hola si.
At så få har hatt kontakt med Glupsamannen og Johannes på Loftet ,er ikkje så rart. Dei er skjeldan ute, og når det skjer er det som oftast på natta.
Johannes på Loftet er også plaga med særs sart hud. Han blir faktisk brend i sterkt månaskinn. Difor er han for det meste innom-huses. Men begge to lever i beste velgåande.