Grønn veke

Tradisjon tru er den siste veka før sommarferien litt annaleis enn ellers for elevane på Huglo skule. Den såkalla “grønne veka”. I år er det duka for fiskedag, fiskekakebaking, tur i Hystadmarka, plantefarging av garn, idrettsdag og avsluttning.
Flott fangst på fiskedagen!
Då huglo.no besøkte skulen Onsdag, dufta det godt i gangane. Elevane hadde fiskedag Tirsdag og lagde fiskekaker av noko av fangsten. Det må også nemnast at kakene vart svært gode, og huglo.no sine utsende var heldige å fekk smake på godene.