Grunn til å klaga?

 

Ja, regnet?  Det starta midt i oktober og har sidan vore ein trufast morgonhelsing.  Ikkje har det hjelpt å klaga  – før no, kanskje?  For no er det betring i sikte i ei heil veke.  Seier yr.  Så har det vidare vore mykje klaging på fisket, og det òg med rette, faktisk.  Fangstane har vore skuffande, uansett reidskap.  Berre pale, pale og pale – om ein i det heile tatt fekk napp.  Men sjå biletet:  Denne longa (17,5 kg, 140 cm) vart halt opp av sjøen for eit par dagar sidan, av ein fiskar frå Huglo.  Me sier ikkje kor.  Men mon tru han ikkje har ein bror eller to som framleis veiftar med sporen og et torsk?  Fangsten på biletet gulpa opp ein torsk på over 1 kg!  Tips til dei som vil prøva fiskelukka:  Agn med ein halv makrell!

Nokon får torsk òg!
Nokon får torsk òg!