Hest på Huglo

Tiril med islandshesten Daldur

Tiril med islandshesten Daldur
Tiril med islandshesten Daldur
På Huglo kan jentedraum nr 1 verta verkelegheit! Førre veka fekk Tiril og Veslemøy kvar sin flotte hest med ferja. Ein veldig flink far som byggjer ein stall så fin at du nesten må ta av deg uteskoa for å gå inn, hjelper godt, her kan det verta eit ekte hestemiljø.
Veslemøy med Cortez
Veslemøy med Cortez
Veslemøy og Tiril har gått på riding “i årevis”, så dei er både røynde ryttarar og van med å stella hest. Kvar dag, fortel dei, må stallen “møkkast”, hestane striglast og hovane skrapast før rideturen, og kanskje må hesten tørkast etter turen også. Dei får litt høy, kraftfòr og så kan dei gå ute og eta gras. Kvar 7.veke må hovane (neglene) klippast av ein hovslagar. Dei er ute på tur kvar dag nesten, dei er litt varsame med torever og sterk vind – fykande ting kan gjera at hestane vert skremde. Og jentene vil halda fram med ridetimane på Børtveit, då på skulehestar. Tida vil vise om det vert tid til karate, som var ein aktivitet dei dreiv med før. Hestane har prioritet, og begge jentene såg ut til å ha eit godt handlag med hestane sine, sjølv etter så kort tid.