Huglabutikken

Laurdag hadde Huglabutikken A/S si årlege generalforsamling i gymsalen på skulen – med smittevernavstand mellom stolane.

Frå årsmeldinga:

Utvikling og resultat. 

Huglabutikken AS har dei siste åra hatt ei stabil drift.  I 2020 vart det ein auke i omsetninga på 13,4 % samanlikna med 2019. Rekneskapen for 2020 er gjort opp med eit “positivt resultat på kr.271.616,-.

“Det er også siste år gjort oppgraderingar i driftsmiddlar og anlegg. Største investeringa i fjor var nytt drivstoffanlegg. Ordninga med støtte “gjennom Merkur-prosjektet har vore ein viktig bidragsytar. Dette  vil vere med å lette drifta og sikre ei vidare positiv utvikling.”

2020 gjekk altså over all forventning, trass i at butikken mista ferje-handelen.  Uttrykket “kronår” vart nytta.  Handelen i år t.o.m. april, ligg litt under fjoråret.  Corona? – hyttefolket vart oppfordra til å handla heime og ikkje nytta lokalbutikken

Arbeidet med nytt drivstoffanlegg var spanande, det var store summer og innfløkt arbeide, sa formannen i styret, Per Egil.  Budsjettet var på kr. 1.150.000,-, men vart faktisk billigare ved at utstyr som var sett på som unyttig, vart sløyfa.  Merkur støttar drivstoffanlegget med kr. 488.000,-.

Styreformann Per Egil og møteleiar Nils E.

Val

Alle som var på val tok gjenval og vart bekrefta med aklamasjon. Vara, valt for eit år, er Leif Nordtveit og Erik Willgohs.

Framtida

Butikken søkjer Merkurmidler (75%) til ny gjeste/flytebrygge, tørketrommel, tak over bensinpumpa,  stege på kaia og tak over bensinpumpa (Merkur 50%).

Ny dagleg leiar for Huglabutikken, Hege Elin, startar 1.juli til opplæring.  Ansvarsskifte 1.oktober.  Wenche fortsett med reknskap og rådgjeving.  Og takk for det.

Wenche fekk mykje ros for driften av butikken – vel fortjent!

Wenche fortener all ros ho får..