Huglabutikken AS

Laurdag var det stor rydde- vaske- og ominnreiingdag i butikken vår. Styret gjorde som vanleg ein stor dugnadinnsats for å gjera butikken ennå meir kundevenleg. Hyller blei flytta på og alle krokar vart vaska som dei aldri har vore vaska før (nesten), og golvet er no nybona. Planen er at eit av hjørna skal nyttast til ein kaffe- og drøseplass, rykta seier frå mondag av. Kjekt med eit slikt styre – butikken hadde nok ikkje eksistert lenge utan deira innsats! Og når alle var samla, gjekk diskusjonen ivrig om korleis ein skal få til ein skjerma og hyggeleg uteplass for gode sumardagar – og dagar med regn. Det vert kanskje nokon av dei og til sumaren, best å vera budd på litt av kvart. Sikkert er det at butikken treng mange sumargjester, så ein møteplass i ly for nordavinden er ein god idé.