Huglo Bygdalag Årsmelding 2013

Huglo på brett
Familiedag i kvednavikjo
Styret:
Øystein Huglen – leiar
Nils Dale Elde – kasserar
Øyvind F. Sortland – skrivar
John Olav Heggland – styremedlem
Gro Anita Nesse – styremedlem
1.vara: Ragnhild Svendsen
2.vara: Hege Elin Haukanes
Revisor: Hedvig Flornes

Barnehagen er no kjøpt av Huglo Bygdalag. Bulystgruppahar organisert og stått for mykje av dugnadsjobben som er gjort på bygget. Barnehagen er utleigd frå 1.jan. 2014 til familien Langner.

I juli vart det arrangert ein familiedag. Formålet var å visa fram Huglo. Det var lagt tilrettes for ulike aktivitetar rundt om på øya. Sjølv om veret var dårleg, var det bra med folk, og såleis ei vellukka tilskiping.

I august hadde me Stord formannskap på besøk, etter initiativ frå bygdalaget, som orienterte om viktige saker for Huglo, både på kort og lang sikt. Øyvind la fram bulysttankane vedr. ny utleigebustad i Samsonhagen. Dette vart godt motteke, og har resultert i at kommunestyret har stilt til lånerådveløde ca. 4,1 millionar for å få realisert prosjektet. Det står no att små detaljar på ein avtale mellom Huglo bygdalag og Stord kommune, før ein kan setja spaden i jorda.

I samband med at det skal lagast kommuneplan for vatn og avlaup, har bygdalaget sendt inn forslag til denne planen vedr. Huglo.

Driften av Vikasanden har som før om åra vore ein del av bygdalaget sitt ansvar.

Innkjøp av hjartestartar og syklar for utleige er to av dei store utgiftspostane i år.

Det har flytta tre nye familiar til Huglo dette driftsåret. Dette er særs gledeleg, og me ynskjer dei hjarteleg velkommen.

Takk til alle lag, organisasjonar og enkeltmennesker som står på og medverkar til å gjera Huglo til ein god stad å bu.

Det må også i år setjast ned ein 17.mai-komitè.

Skrivar Øystein F. Sortland