Det tilsendte referatet var i en form som ikke ville la seg overføre (beskyttet modus), så her er nedskrevet kopi:
Sak: Trekaien på Nordhuglo
Det må lagast eit tilsvar til Fylkeskommunen sitt brev 31.5. 2025, der dei melder at dei ikkje vil prioritera reparasjon av tredekket. Håkon lagar eit utkast til tilsvar, der me skisserer forslag til alternativ løysing. Utgangspunkt må vera behov for arealet i samband med ombord- og ilandkjøyring frå ferja, samt parkering.
Fastsambandet
Øystein har snakka med Framnes og har hatt meldingar med ordførar i Tysnes. Oppmoda Stord v/Framnes om å kalla inn til møte mellom orførarane og repr. frå Bygdalaket. Målsetting: Møte i desember. Ansvar: Øystein
Leikeplass ved Bygdahuset
Leikeapparat frå “Klatre-barna Hy-land” er sett i bestilling av Birger. Tilskot frå SIM er utbetalt med kr 80.000, rest 20.000 til utbetaling ved ferdigstilling av anlegget. Frist: April 2026. Ansvar: Birger/styret
Toalett 1.etg Bygdahuset
Styret gjorde vedtak om å lage toalett i det gamle Reinert sitt kontor, i dag nytta til lager for skulekorpset. Toalettet kan tilpassast HCbrukarar. Toalett i dette rommet vert ei enklare og rimeligare løysing enn å innreie det i det nye påbygget. Njål og Albert finn alternativ lagringsplass for korpsett sitt behov. Birger søkjer Sparebankstiftinga om kr 30.000 – 50.000 til toalett. Ansvar: Njål, Birger
Kjøkkenet i Bygdahuset
Kjersti har teikna forslag til romløysing, og henta inn nokre tilbud på oppvaskmaskin/steamar. Styret bestemmer at me set i bestilling maskin med inn- og utmatingsbenk frå firma GGM Gastro, der tilbudet var i overkant av kr 50.000 + moms. Ansvar: Kjersti
huglo.no
Me ynskjer at denne sida framleis skal vera aktiv. Me må gi Hedvig skryt for arbeidet som vert gjort.Viktig at Hedvig eller Asbjørn vert tipsa om saker og arrangement som skal inn på sida. Ansvar: Øystein, styret
Søknad SIM miljøfond
Søkje om tilskot til adkomstveg /sti frå skuleplass-parkering og til 1.etg. Dett for å betre tilkomst spesielt for eldre til møterommet i 1.etg. Søknadsfrist for dette er 1.desember. Ansvar: Birger
Haustmøte onsdag 12.desember kl 19.00
Halvard Wiik har sagt ja til å ha kåseri. Meny: Betasuppe med rundstykke. Njål kjøper inn råvarer, får med seg folk til å lage betasuppa, og folk til å bake rundstykke. Øystein kjøper blom til nyinnflytta huglarar. Øystein og Kjersi rigger lokalet, Njål set opp plakat. Ansvar: Styret.
kommunalt driftstilskot
Øystein sjekker at kommunen vidarefører årleg driftstulskot på kr.50.000.





