Ca 20 huglarar møtte fram på folkemøtet der høyringsnotatet om Hulo skule si framtid vart lagt fram og huglarane kunne lufta si meining.
Frå kommunen møtte rådmann Magnus Mjøs, leiar for Komitè for oppvekst og utdanning Jakob Bjelland og skulefagleg rådgivar Marit Kjelby.
I kommunebudsjettet for 2014 er det eit vedtak om å setja i gong ein prosess med tanke på mogleg nedlegging av Huglo skule. I prosessen var det viktig med dialog med Huglo Bygdalag – altså med alle huglarane. Det er utarbeidd eit høyringsdokument, med uttalefrist 23.august i år, desse vert tatt opp i komitèmøte 20. september, og vedtaket skal etter planen gjerast i Kommunestyret 16. oktober.
Høyringsnotatet ligg på Stord kommune si heimeside, stord.kommune.no. Der står det om Nærskuleprinsippet (Opplæringslova §8-1), folkehelseomsyn/oppvekstvilkår, og skulen som nærmiljøsenter i kulturell og sosial forstand.
Alternativ 0: Oppretthalda Huglo skule utan drift. Alternativ 1: Nedlegging av Huglo skule. Elevane vil då ha rett på skuleskyss.
Det kom tydeleg fram at dette var ei todelt sak: Huglo skule si framtid, og framtida for den kombinerte gymsalen og samfunnshus – bygd i 1979 bl.a. for tippemidler og med stor dugnadsinnsats. Det var brei einigheit om, og mange argument for, at denne bygningen, Huglo si “storstove”, måtte halda fram med å vera eit kommunalt ansvar. M.o.t. skulen, hevda foreldra til skuleelevane at skyss og undervisning ved Rommetveit skule var eit godt alternativ for ungane, særleg med tanke på det å ha eit sosialt miljø rundt seg.
Det vart ikkje ført referat frå møtet. Dei gode argumenta/innlegga/problemstillingane som kom fram på møtet, må sendast skriftleg til kommunen som merknad til høyringsnotatet for at dei skal vera med i diskusjonen og telja når vedtaket skal gjerast.