Huglo: Spenstig, komfortabel og vendbar!

- Spenstig, komfortabel og vendbar

Visste du at Huglo er til salgs? Prisen varierer frå kr 745,- til kr 1450,- avhenging av kva breidde du vil ha.

Det er møbelgiganten IKEA som sel Huglo, dei har nemleg valgt å døypa ei av sine springfjærmadrasser opp etter trivseløya i Sunnhordland.

Huglo er kategorisert som ei fast madrass med 86 springfjærer/m2, og kan skilta med ekstra vattering og god luftsirkulasjon.

Av Nina Flornes, ansvarlig for madrasser og senger i IKEA Norge, har huglo.no fått opplyst at alle IKEA sine springfjærmadrasser har norske stadnamn som byrjar på H. At Huglo vart valgt ut var tilfeldig. Det som imidlertid er sikkert er at Sultan Huglo er til salgs verda over. I Norge er det solgt ca. 4800 Sultan Huglo sidan salgsstarten i april 2009.

Totalt har IKEA 313 varehus i 38 land, og IKEA-katalogen er visstnok den mest distribuerte boka i verda (før Bibelen) med eit årleg opplag på 100 millionar. Om dette vil gjera Huglo berømt verda over er vel heller lite sannsynleg, men kven veit, kanskje Huglo vert ein valfartsstad for madrassentusiastar?

Tekst: Nils Henrik Elde

- Spenstig, komfortabel og vendbar