Hyggeleg konsert på kaien

Ikkje verdas beste frammøte på kaien denne særs solvarme sundagen, men dei som prioriterte konsert framfor strand, hadde en hyggeleg stund.  Martha og Nesegutane framførte kjente og litt mindre kjente songar og meliodiar, kvikt bundne saman med historiar om laust og fast av vokalist Helge Olav Instøy.

Før musikarane slapp til, takka Per Egil både vegvesenet og Tor Arne Sørli for dei to stegene som er montert på kaien og ytst på flytebrygga – heilt gratis for butikken og gjestehavna.

Og så kom det eit par ekstra tilhøyrarar symjande.  Ikkje visste eg frå før at svaner var interesserte i musikk.