Info frå Huglo idrettslag

Huglo IL gjennomførte nyleg årsmøte.

Årsmelding for 2020 kjem her:

Årsmelding Huglo idrettslag 2020

Styret for laget har i 2020 vore slik:

Leiar: Øyvind Sortland
Kasserar: Sigurd Huglen
Skrivar: Kjetil Sømoe
Styremedlem: Lars Olai Haukanes
Styremedlem: Tiril Sømoe Huglen
Vara: Hege Elin Haukanes og Engeline Haukanes

Årsmøtet for 2019 vart arrangert i februar 2020. Der var det ei markering av at Huglo idrettslag var 50 år (skipa i 1969). Det var godt oppmøte og Øystein Huglen hadde ei presentasjon av laget si tidlige historie.

2020 har òg for idrettslaget vore prega av pandemi, men styret er nøgde med aktiviteten me har klart å få til likevel. Styret har i 2020 hatt seks ordinære styremøter.

Idrettlaget har framleis drifta styrkerommet i skulen. Dette var stengt gjennom våren, og me nytta høvet til å skifta golv i lokalet. Elles er rommet flittig i bruk og styret håpar fleire av brukarane vil ta del i drifta av rommet.

Laget har òg drifta ballplassen Leirvikestølen, hatt ansvar for kajakkutlån og hatt ansvar for rydding på badeplassen Vikasanden. Takk til alle som har tatt del i dette arbeidet.

Turorienteringa har vore i gang frå påske til oktober. I år var det etter pålegg ikkje noko fysisk registering på postane. Folk vart oppmoda om å føra registeringar sjølve og så levera dette ved sesongslutt. Inntrykket er uansett at folk òg dette året har sett pris på aktiviteten.

Den årvisse turen til Varden palmesøndag vart diverre avlyst pga smittevern.

Idrettslaget laga bål og la til rette for Jonsokfeiring på Leiro. Matsalet gjekk ut i år, men folk sette uansett pris på å samlast ein fin kveld.

Varden opp vart arrangert 1. august. 14 sprekingar deltok i fint og varmt vær.

I haust prøvde laget å starta opp fellestreningar for unge og vaksne ein kveld i veka. Dette var positivt og godt motteke. Diverre kom det tidleg nye pålegg om innstrammingar pga pandemi, så treningane ventar framleis på å starta opp att.

Idrettslaget vil takka alle medlemmer og andre som har støtta laget dette året!

 

Info om medlemskap i idrettslaget kjem her:

Bli medlem av Huglo idrettslag for 2021!

Huglo IL er eit aktivt lag i bygda vår.

Tilbod og aktivitetar er alt frå turorientering og faste treningar til arrangerte turar og løp, utlån av kajakkar og drift av Leirvikestølen og treningsrom.

Det kostar å driva laget og me oppmodar alle til å støtta opp ved å betala kontingent.
Medlemmer får fritt nytta treningsrom og kajakkar.

Medlemskontingenten for 2021 er kr 200.

Bankkonto – 0533 37 23400

Vipps – Huglo idrettslag nr 530536

NB! Før opp namn og alder til dei du betaler for.

Takk for støtta!
Huglo IL

 

Styret for Huglo IL i 2021 er slik:

Øyvind Sortland – leiar
Sigurd Huglen – kasserar
Kjetil Sømoe – skrivar
Lars Olai Haukanes – styremedlem
Tiril Sømoe Huglen – styremedlem
Mathilde Nødland – 1. vara
Engeline Haukanes – 2. vara