Frå 28. mars vil det vere arbeid på vegstrekninga E39 Børtveit kraftstasjon – Steinanestunellen.
Tunellarbeidet i eksisterande tunell, fører til at det vil bli nattestengjing i perioden 28. mars til 1. september 2011. Dette blir frå søndag kveld kl. 22:30 til laurdag morgon kl. 06:00. Omkøyring for trafikken i denne perioden er over fylkesveg 545 over Fitjar.
Anlegget vil òg i periodar bli stengd på dagtid i inntil 25 minutt om gongen, med lysregulering.
For pendlarane vil det ikkje vere noko problem å komme seg til og frå skule og jobb.
Arbeidet på prosjektet kjem i hovudsak til å bestå av strossing av eksisterande tunell, ny vatn-, frost- og brannsikring i tunellporten og ein gang- og sykkelveg.