Me gler oss allereie til neste år! Julebordet for eldre vart både sers hyggeleg og imponerande! Her vart det demonstrert mykje god, gamaldags og tradisjonell julematlaging, både av kjøt og fisk, og dessertar. 24 gjeistar, inklusive 3 frå Stord Eldreråd, fekk, i tillegg til julematen, høyra om prosjekta Eldretreffet har arbeidd med dei siste 5 åra: Innsamling av skulebileter heilt frå 1950-åra, få namn og helst årstall på bileta, kopiering, innraming og opphenging i møterommet på det som no er bygdahus. Så var det innsamling av heilt lokale stadnavn på Huglo og og plassering på huglokartet. Dette arbeidet vert no digitalisert av Karl Peder Mork, som ein del av eit større stadnamnprosjekt for Sunnhordaland.
Så er det satt i gang tilpassa trim for eldre med rådgjeving frå kommunal fysioterapeut, som på nyåret vil ta med seg kommunal ergoterapeut som kan gje oss råd om tilpassing i heimen. Ved sesongskifte har me hatt turar til stader me har lyst til å vita meire om. Og til kvardags møtast me i Bygdehuset kvar 2.onsdag i månaden, til gode kaker og kaffe med god til å drøs og få vita om nyhende både lokalt og i verda ikring, og kanskje litt kulturelt innslag.
Kaffepengane me betalar på møtene, går til subsidering av turane og maten, bl a julebordet. Og etter at det var slutt i går, hadde Bygdekvinnelaget møte med restefest!
Nils Tore Økland frå Eldrerådet på Stord sa rosande ord om dugnadkulturen og initiativet som rår på Huglo. Han kom med idéar til nye prosjekt for oss, bl a å skrive ned alle dei gode småhistoriane som dei som har levd lenge på Huglo, kjenner og fortel.
Me takkar eldsjelane som står på, halder hjula i gang og lagar julebord som det me fekk igår.
Så ynskjer me kvarandre ein varm, fredeleg jul saman med dei me helst vil vera saman med.