Julegata er opna!

image

 

Vergudane tok heldigvis ein pause på laurdag formiddag, då verdas minste julegate skulle opnast. Og sola kikka til og med fram. Rundt 60 frammøte kunne kose seg med Hedvig sin gode gløgg, og høyre Huglo skulekorps spele jula inn. Eit kjærkomen tilskot til korpset er Leif Tore, og han stilte med eigen fanklubb!

image

 

 

 

 

 

 

Heia pappa!
Heia pappa!
Gløggen gjekk unna.
Gløggen gjekk unna

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vil du laga Julegateopnings-gløgg?

Då startar du med ei flaske Tomtegløgg, 5 dl, og 1 liter vatn. Ha oppi eit par dl ufortynna raud saft, vanleg type,og like mykje vatn som saft (ikkje så mykje vatn som til vanleg drikke). Skjær ei appelsin i skiver og tøm også oppi gryta ein kopp med god appelsinjuice. Prikken over i’en er ei ts mala stjerneanis og ei ts mala nellik. La blandinga koka eit par minutt for å få fram smaken i kryddera. Etter det kjem det viktigaste: Smak på brygget – litt meir appelsin? Eller litt meir vatn? Noko anna du meiner manglar, eller kjem du på noko som gjer denne gløggen til akkurat din spesialitet?
Denne oppskrifta gjev litt over 2 liter gløgg, altså nok til at 8 personar får ein kopp når koppane er litt større enn Huglabutikken sine pappkrus. (Og mange ville ha to ganger!)