Kafé med auksjon

Som vanleg var kakene mange og gode, og kafégjestene mange og blide då Varden opp og sommerkafé vart arrangert på kaia etter den amputerte Varden opp. Kaffe, kaker og drøs er aldri feil, sjølv om termoteret viser 30 grader.

Så venta det is og kake!

Ekstra trekkplaster denne gangen var auksjon!  Øyvind gjorde ein heilt profesjonell jobb som auksjonarius, og nesten alle tinga vart solt godt over utropsprisen.  Godbiten var kanskje  ein framifrå sykkel som gjekk for kr. 600,-.  Høgste pris i forhold til utrop fekk kanskje treskoene – som kjøparen heilt sikkert ikkje gjekk heim i.  Men under krigen, fortel dei eldre på Huglo, var det tresko ein gjekk til skulen i om vinteren, i snøen.  Prøv sjølv!

Høyrde eg 300 for desse gode, praktiske treskoa?

Kos er alltid godt!
Auksjonspublikumet