Kong vinter på besøk

Mange unge hjerter banka litt ekstra då dei såg ut og det var snø.

Mange vakna opp til kvite “vidder” i går morges, og la ut på tur utan å bruka  “fjellvettreglane”. Kle seg etter ver og føre var ikkje lett når vinterdekka låg bakerst og underst i garasjer og boder. For ikkje snakka om vinterfrakken med votter og hovudplagg, kor hadde dei tatt vegen. Men som i år som i fjor og året før der var me ikkje førebudd på at Kong Vinter skulle komma på besøk.

Hausten har fått vinterteppe på.

Sist det kom snø så tidleg på vinteren her på Vestlandet var for 37 år tilbake, 20. oktober 1973 ifølge værdama frå Sogn. Det er jo litt spesielt når snøen lavar ned før trea har sluppe lauvet. I følge ein annan sogning er det tegn som tyder på at det blir ein hard vinter når trea held på lauvet så langt ut på hausten. Så då gjenstår det å sjå om denne vinteren blir lika  “fin” som i fjor :-)

Gul bjørk og kvite bakkar.

Som vanleg var det store skilnader på snømengda her på øya. Nord og midt på øya var det dags for brøyting, medan i sør var vegen berre akkurat dekka med snø. Så på skuleplassen kunne ein finna store snøballer, og forbi byggefeltet var det brøytekanter.

Nokre centimeter snø var det som kom, før regnet tok over.

Nokre jubla av glede og såg for seg snøborger, snømenn, akebrett,ski og kakao, medan andre var litt meir lunkne til dette kvite fenomenet som kom dalande ovenfra.

Nokre såg snø for fyrste gang.

 

 

Ispynta Haustasters

  

 

Spor i snøen.

 

Ein nellik som har pynta seg.

 

Då er det tid for å mata småfuglane.

 

Lar du solsikkene stå, finn fuglane mat sjølv.

 

Fotspor i snøen 21. oktober 2010