2 båtar, 2 personar, 17 teiner, 2, kanskje 3 hummarar pr dag der 2 er rognhummarar og får symja vidare, det vert gjnnomsnittleg 0,06 hummar per teine. Timeløna vert så mikroskopisk at den ikkje lar seg rekne ut utan superkalkulator. Men som han sa på stordnytt.no: Det er håp i hengjande teine. Kanskje vert det tross alt ein liten smakebit til alle i hummarlaget dette året òg. Og det merkelege er at det er spanande og moro og flott å vera på sjøen, uansett! (Og den magre trøysta er at ingen av naboane får noko serleg meir, dei heller.)
