Her kjem ein god ting som ikkje kan seiast for mange ganger:
Visste du at ein moderne bonde plasserar ein slik magnet i den fyrste magen (av fire) kua har? Magneten dreg til seg metall som kua får i seg med foret, som spikar t.eks. Då ligg metallet inntil magneten og rustar vekk av syren i kumagen. Og kua har ikkje noko ubehag av magneten.
Men det fins jo metallar som ikkje reagerer på magnetisme. Som til dømes aluminium, og koppar. Boksane med øl og brus er laga av aluminium, koppar finn me mellom anna i ledningar. Boksar som vert kasta ut av bilvindu eller slept ned i vegkanten, og som vinden tek tak i og legg frå seg i slåttenga, malar slåmaskina til mange kvasse metallbitar som vert til knivar i kumagen. Det same skjer med anna ikkje-magnetisk metall. Dyret som får dette i seg, døyr ein sers smertefull død, med blod rennande ut av kjeften. At bonden mistar både kua og produksjon, høyrer med til historia, men det er kanskje lidelsen til dyret me vil tenkje mest på neste gang me har ein tomboks i hendene. Så difor: Ta vare på metall, få det dit det høyrer heime! Og alle me som går forbi og tenkjer at “det er ikkje eg som har kasta metallsøppel i vegkanten”: Ta det opp, pant boksen og spar ei ku for store lidingar!